Ein eventyrleg treningsleir for Florø United
Denne turen handla ikkje berre om handball. Han handla om meistring, glede, samhald og opplevingar som vil bli hugsa lenge.
helsefagarbeider og styremedlem i Helsefagarbeiderforbundet
.jpg)
Her er Florø United samlet framfor treningshallen den første dagen.
Florø United er ikkje eit kva som helst handballag. Laget er sett saman av menneske med særskilde behov og utfordringar, som reiser saman med eit fantastisk støtteapparat. Med på turen var også helsepersonell og helsefagarbeidarar på jobb, noko som var avgjerande for at alle kunne kjenne seg trygge og få den hjelpa dei trong gjennom heile reisa og opphaldet.
Etter ein lang reisedag måndag landa gjengen i Spania og sjekka inn på Aqua Hotel Aquamarina i Santa Susanna. Allereie første dagen venta fine temperaturar og to timar med intensiv fellestrening saman med Førde og Skavøypollen. Innsatsen på bana var upåklageleg, og samhaldet mellom laga gjorde inntrykk på alle som såg på.
Etter treninga bar det rett i bassenget for ein velfortent dukkert, før resten av dagen vart nytta til å nyte sola og fellesskapet.
Onsdag stod strandliv og fridag på programmet. Dagen vart rett og slett magisk for alle som var med. Sola strålte, og turen gjekk til havet. Her fanst ingen hindringar - berre moglegheiter - og alle fekk kjenne på det varme og gode Middelhavet.
Måltida vart også viktige samlingspunkt. Rundt bordet kunne ein nyte god mat, dele dagens opplevingar og styrkje fellesskapet endå meir. Om kveldane var det dans og underhaldning, og då fekk deltakarane verkeleg svinge seg og kose seg saman.
For dei som var med som helsefagarbeidarar og støttepersonar, var turen også ei viktig og meiningsfull oppleving. Det er veldig kjekt å vere helsefagarbeidar på ein slik tur. Ein byggjer gode relasjonar, skaper tryggleik og legg til rette for at kvar enkelt brukar skal få ei best mogleg oppleving.
![]() Tom-Joel Fredheim er [44] er blind og sitter i rullestol, men syns de var deiligt å bade i Middelhavet, Det gjer òg støttekontaktar Medhanie Tecle og trener Ruth Sølvi Helland i Uniteds støtteapparat. |
![]() Før hjemreise tar Ingvar, Benedikte og trener Charlotte en siste spasertur gjennom gatene i Santa Susanna. |
![]() De to damene som står i, er trenere Charlotte Breidvik (til venstre) og Ruth Sølvi Helland. Begge er litt over snittet engasjert i håndballsport – og det er det mange som får glede av i Barcelona denne uken. |
![]() På kvelden er det dans. Ekteparet Irene og Steinar koset seg på å dansegulvet. |
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)