Nyheter
Utgave 3 – 15. september 2025

Tørn tek tidstjuvane

Det tek tid å endre ein kultur. Det gjeld å gjere ei grundig kartlegging på førehand og vere open for overraskande resultat.

Tekst og Foto:
Marit Bendz

Reinhaldar Evy Hestenes går laus på nye oppgåver, som å vaske nattbord.

Dynevask, telefontid og digital arbeidsliste er blant grepa som har gjort arbeidskvardagen lettare for fleire yrkesgrupper på Kulatoppen Omsorgssenter i Kinn commune i Vestland.

Dyneløfting

– Nesten alle reinhaldarane har fagbrev og dei liker jobben sin. Og vi er omstillingsdyktige, slår tenesteleiar Tove Lill Refvik Volle fast. Men ho innrømmer at det ikkje har vore berre solskin. Når reinhaldarane vert pålagt nye arbeidsoppgåver, gjev det mindre tid til dei andre gjeremåla.

– Vi prøvde for nokre år sida med at reinhald skifta på sengene, men grunnarbeidet og informasjonen var for dårleg. Til domes om det kom ein reinhaldar inn på rommet for å re opp senga under stell av brukar om morgonen, stussa pleiaren; kvifor tek du jobben min?

– Det har vore med blanda kjensler fagfolka har teke på seg nye ansvarsområde, og det er særs viktig at vi klarer å synleggjere kva ressursar som går til nye oppdrag. Det er ikkje lett å få tak i reinhaldarar heller, men det er dei knappe ressursane alt handlar om, meiner Refvik Volle.

No har reinhald ansvar for vask av nattbord og sengehestar, oversikt over hjelpemiddel og utstyr, ta imot mat frå dei ulike leverandørane, legge på plass uniformene som kjem frå vaskeriet og ikkje minst; vask av dei omtalte dynene.

Ny vaskemaskin er kjøpt inn, og no er snart ny tørketrommel på plass. På sikt skal Kulatoppen få inn robotar som kan gjere noko av vaskejobben. Det vil frigjere tid for reinhaldsarbeidarane.

Det ringer, det ringer

Tidlegare kunne pleiaren med vakttelefonen få inn 40 interne samtalar før lunsj, 39 av dei kunne ha venta. Morgon og føremiddag er den mest hektiske tida på avdelingane, alle avbrota uroa stellet, ting vart gløymd og arbeidsflyten vart oppstykka.

– Vi fann at mange av meldingane og spørsmåla kunne vente eller sendast på epost, slik vart det meir ro både for brukarane og dei tilsette, fortel prosjektleiar Jeanette Jensen.

Kulatoppen har også innført avgrensa telefontid inn på avdelingane. I dag kan pårørande ringe innafor to timar dagleg – ein på føremiddagen og ein på ettermiddagen.

Kanskje må dei utvide den tida, for det har kome ein del negative tilbakemeldingar frå folk som ikkje får kontakt, dei kjem berre til ein telefonsvarar.

– Vi skal evaluere telefontida no på hausten og eventuelt korrigere. Omsorgssenteret tek jo kontakt med pårørande om det oppstår noko akutt, seier Jensen.

Tre krumtappar i Tørn, frå venstre; avdelingsleiar Lise Brunsvik, tenesteleiarane Tove Lill Refvik Volle og Tone Husevåg

Ein tørnover

Tørn er eit prosjekt initiert av KS (Kommunesektorens organisasjon), og fokuserer på nye arbeids -og organisasjonsformer innan helse -og omsorgstenestene. Prosjektet er ein del av Kompetanseløftet 2025, og har som mål å forbetre organiseringa og oppgåvedelinga i sektoren. Prosjektet er finansiert av Helsedirektoratet. På Kulatoppen vart prosjektet avslutta i vår. Jeanette Jensen har vore frikjøpt i 10 prosent stilling av KS for å lede prosjektet på Kulatoppen sida februar 2024.

– Det handlar ikkje om å jobbe meir, men å jobbe smartare, seier tenesteleiar Tone Husevåg. Det har vore overraskingar undervegs, vi ante ikkje at til domes dynevask og telefonar tok så mykje tid. Ei samansett prosjektgruppe av tilsette på Kulatoppen kartla kven som gjorde kva og når, saman med alle tilsette, eit systematisk, internt samarbeid mellom pleiarar, reinhald, driftsteknikk og kjøken.

Kartlegginga synte at veldig mange gjorde det same heile tida, heile døgnet. Det var ikkje nook system i kven som gjorde kva, sjukepleiarar, helsefagarbeidarane og til dels avdelingsleiarar gjorde alt, inkludert å vaske dyner, noko som faktisk tek veldig mykje tid.

– Sjukepleiarar skal ikkje bruke tida si til å bære dyner, slår Husevåg fast.

Digital samhandling

Avdelingsleiar Lise Brunsvik ved Kulatoppen bemanna omsorgsbustader bruker flitting den elektroniske samhandlingstavla. – Eit utruleg nyttig verkty, tykkjer ho.

Kinn kommune nyttar CosDoc som fagprogram. Arbeidsoppdrag til den einskilde på vakt vert lagt inn på arbeidslister, som pleiarane har tilgang til på mobil­telefon. I tillegg kjem DNV, den tverrfaglege samhandlingstavla til Imatis. Den gjer pasientflyt og samhandling i sanntid mogleg mellom institusjonane, heimetenestene og fysio-ergo, og på tvers av ulike faggrupper som helsetenestene samhandlar med for å få hjula til å gå rundt – reinhaldsteneste, vaktmeisterteneste og sentralkjøkken. Alle ser viktig informasjonen for si avdeling i sanntid og samhandlar gjennom tavla. Det har betra arbeidsflyten internt og mellom tenestene.

– Tavla erstatta gule lappar, papirlister, tusjtavle, telefonsamtalar og «svartebøker». Informasjonen er tilpassa kvar enkelte avdeling for optimalisert oppgavestøtte, fortel Jensen.

Imatis er blitt eit levande arbeidsverktøy som vert endra og utvikla kontinuerleg etter kvart som nye ønske og behov vert meldt inn. Det er eit fantastisk arbeidsverktøy som dei tilsette nyttar gjennom heile arbeidsdagen for å halde seg oppdaterte i høve endringar og informasjon om brukarane.

På Kulatoppen heng det Imatistavler på alle vaktrom og er tilgjengeleg på PC-ar. Eit anna grep som frigjer tid er raskare innlogging på naudsynte program for dei tilsette på pc-ane, noko som er iferd med å bli fasa inn på alle avdelingane.

Matro under måltid

Middag på kvardagar blir levert frå Måløy Sentralkjøkken direkte til avdelingane på Kulatoppen. Bordgleder i Florø leverer middag på helg og høgtidsdagar, desse vert lagt på plass av reinhaldarane. Det same gjeld tørrvarer. Ein lokal butikk leverer no varene direkte til kvar avdeling etter bestilling.

Før vart tørrmat sendt frå Florø, og avdelingane måtte sjølv gå og plukke frå lageret. Dette sparer pleiarane for masse tid.

– Men vi har ikkje klart alt like bra, innrømmer prosjektleiar Jensen.

Dei såg på matsituasjonen til brukarane og roen rundt måltida. Borda vart delt opp ut i frå kven som passa i lag, og dei ynskja at personalet skulle halde seg i ro, ikkje ta ut og inn av oppvaskmaskina og skramle med kjørel. Det er vanskeleg, folk er vande med å nytte tida effektivt, og aktiviteten sklei fort attende til slik det var.

– Vi var ikkje heilt heldige med den, og må jobbe vidare med dette, seier ho.

Alt handlar om forankring, kontinuerleg informasjon og framsnakking på avdelingane. Vidare kjem oppfølging, evaluering og eventuell korrigering. Det kan vere krevjande i ein hektisk kvardag, særleg når det av og til er for lite folk.

Meir helse til helsefagarbeidaren

For nyutdanna helsefagarbeidar Sander Kvalheim har jobben vorte meir interessant med nye oppgåver under Tørn.

Gruppa kartla også kva helsefagarbeidarane kan ta over, utifrå tilbakemeldingar.

Nye arbeidsbeskrivingar for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar er utarbeidd gjennom prosjektet. Kompetansehevingskurs er planlagt gjennomført og vert viktig framover, så dei tilsette er trygge på dei nye oppgåvene.

Helsefagarbeidar Sander Kvalheim byrja som assistent/pleiemedhjelpar i 2018, heldt fram som lærling og tok fagbrev som privatist i fjor.

– Gjennom Tørn får eg meir tid til å gjere det eg kan og er utdanna til, eg slepp å gå med boss og vaske dyner og puter.

Det kjekkaste er News, å ta kliniske prøver som blodtrykk, puls og respirasjon, fortel han. Helsefagarbeidarane skal få fleire oppgåver og meir ansvar framover, for alle kommunar slit med å skaffe nok sjukepleiarar.

– Då må vi bruke dei vi har smartare. Det vert meir spennande arbeidsdagar for helsefagarbeidarane også, meiner tenesteleiar Husevåg.

Å endre ein kultur tek tid

Omsorgssenteret i utkanten av Måløy har 51 plassar i institusjon og 32 brukarar i heildøgns bemanna omsorgsbustad. Til saman arbeider 150 personar på heil- og deltid her. Dei som vil kan få full stilling mot at dei bind seg til utdanning. Turnusane går opp ved å nytte mange skuleelevar i helgene.

– Dette er for mange eit springbrett inn i vidare helseutdanning, og då er det viktig at dei tykkjer det er kjekt å jobbe her, slik som Sander, seier Husevåg.

Forankring og kontinuerleg informasjon i forkant og gjennom heile prosjektet har vore heilt naudsynt. Det er nytta ulike kanalar, som personalmøte, styringsgruppa for prosjektet, pårørandegruppe og Kulatoppens fredagsbrev, som går ut til alle tilsette, men også lokalavisa og politiske møte. Og viktigast av alt; når sluttrapporten er levert, er det opp til tenesteleiar og hennar tilsette å følgje det opp vidare.

– Tørn er ein måte å tenkje, jobbe og drive på, å bruke dei reiskapane vi har tileigna oss til å identifisere, utforske og prøve ut nye ting.

– Vi må halde trykket oppe, kontinuerleg ta det opp i fora, og vise at omlegginga gjev gevinst for alle, både brukarar og tilsette, oppsummerer Jeanette Jensen.

Dei merkar at den gjer noko med arbeidsdagen, slike som Sander Kvalheim ser at kvaliteten vert betre, det er ikkje så travelt og oppgåvene er overkommelege.